Under Høgre sitt landsmøte i helga fekk tidlegare styrkeløftar Stian Grimseth godt med taletid. Kommunestyrerepresentanten frå Naustdal snakka om si kjernesak: Kriminalisering av doping og anabole steroider.
- Eg håpar eg klarte å få sett fokus på eit sterkt aukande problem. Eg ser at dette aukar i omfang over alt, og skaper stor avhengigheit både fysisk og psykisk. Unge som trenar får store musklar på kort tid, så melder problema seg. Det er som ein slags omvendt anoreksi, dette her, seier Grimseth.
Hjelp til avvenning
I sitt fem minutt lange innlegg prøvde å han å få landsmøtet med på kriminalisering av doping, men også på andre tiltak.
- Kriminalisering er ikkje nok i seg sjølv. Opplysing, informasjon og ikkje minst hjelp til avvenning er like viktig, seier Grimseth.
Han tykkjer han fekk gode tilbakemeldingar frå landsmøtet etter innlegget sitt, sjølv om saka ikkje kom opp til avstemming. I staden skal den behandlast av det nye sentralstyret i Høgre.
- Eg fekk veldig mange gode tilbakemeldingar. Mange har sett dette problemet, men ikkje sett det inn i ein slik samanheng, seier han.
http://redir.opoint.com/?url=http://...Jkb3BpbmciNA==





LinkBack URL
About LinkBacks
Svar med sitat

