-
Kliss nytt medlem
Hjeeeeeeeeeelp
Dreiv å google litt rundt og så snubla eg innom denne sida.. Då var eg rask på labben og fekk registrert meg for dette kan (kanskje?) vere den perfekte plassen å få litt etterlengta hjelp frå..
Er 25 år og har meir eller mindre holdt på med fotball i 18 år. Har for det meste spelt 3.divisjon, men trente regelmessig med 2.divisjonslag i perioden 1999-2002. Siste året var det faktisk ganske mase trening for då var det fotball 4-5 gongar i veka og styrke 2 gongar (men varte berre eit par månadar det med styrke). Er keeper og skal vel innrømme at vaskebrettet aldri har vore der, men har no eigentleg klart meg ganske bra på fotballbana fordiom. Men nok om det.
Er 1,83 cm høg og i 2002 vegde eg ca 70 kg utan å vere noko særleg muskuløs..tok vel rundt 50-60 kg i benk og hadde vel heilt vanleg kroppsbygning.
Situasjonen idag er litt annleis med mine 84 kg. Mogeleg at muskulaturen har bygd seg noko opp dei siste åra ettersom det har blitt litt meir styrketrening enn fotball, men trur det meste har lagt seg på magen og på sidene. No pga endt utdanning blir det liten tid til fotball og er derfor gira på å trene ein god del styrke.
Eg begynte godt allereie i nov-des og feb-mars var eg ofte på Elixia (omtrent 4 dagar i veka etter jobb), men så etter påske blei det stopp pga for mykje jobb. Men no er eg klar til å starte for fullt igjen..(starte sesongoppkjøringa til neste badesommar
Men cluet er at eg har lyst å vite meir om kva eg faktisk BØR gjere når eg trenar. No føler eg liksom at eg berre trenar det eg føler for å trene.. Er liksom litt "slitsom" å trene når ein eigentleg ikkje veit om det ein faktisk trenar er "riktig"...
Målet er å bli kvitt 15-20 kg med fett og så eventuelt få "bytte" dette ut med musklar.. Så spørsmålet er då; Kva gjer eg ? Skal eg jogge meg i hel eller berre trene styrke vanleg og satse på at eg får i meg nok protein gjennom kosthold etc etc etc?
Har veldig liten peiling på kosthold generelt..har jo sjølvsagt hørt om diverse diettar at ein bør ete mykje protein når ein skal trene vekter osv, men kor mykje karbo kan ein ta? er det forbudt? Finst det diettar som tar for seg akkurat den fettreduksjonen/muskelbygginga i eitt eller må ein gjere det i "2 omgangar?" dvs først bruke eit halvt år på å bli kvitt feittet og så eit halvt år på bygge seg opp?
Viss nokon hadde kome med seriøse forslag på alt av kva eg bør trene/ete osv. så er eg veldig gira på å følge det opplegget til punkt og prikke.... kunne jo vore eit artig prosjekt for når eg først går inn for noko og veit nøyaktig kva eg skal gjere så kan eg iallefall garantere at det blir gjort.. Trur motivasjonen blir betre av det og
-
NybegynnertrÅden
Denne tror eg kan svare på ein del spørsmål.
Regler for innlegg
- Du kan ikke starte nye tråder
- Du kan ikke svare på innlegg / tråder
- Du kan ikke laste opp vedlegg
- Du kan ikke redigere innleggene dine
-
Forumregler
SEO by vBSEO ©2011, Crawlability, Inc.