Hei!
Eg er totalt nytt til alt som har med mosjon å gjere. Sånn totalt blank.
For ca 3 mnd bestemmte eg meg for å gjere noko med livet mitt, fann ut at eg skulle endelig kvitte meg med overvekten som eg har drasset med meg i alle år. Eg fann ut at eg skulle bli slank og fin og trent, eg vil ha god kondis og muskler. Eg skal bli eit nytt og bedre menneske.
Så eg begynnte med å legge om kostholdet, og det funker bra. Eg begynnte med å gå til ein bekjent som kan det der med vektløftning og styrketrening, og 3 gonger i veka så hjelper han meg no og lærer meg øvelser. kjempe snilt av han. Eg begynnte også å gå på fjellet på dei dagene da eg ikkje hadde vektene.
Opplegget funker. Eg har kvittet meg med ein del flabberdabber wobbly og har fått muskler isteden. Eg føler meg bedre, eg føler at eg orker ting og tang og begynner å få ein bedre holdning til kroppen min og kvardagen. Eg liker opplegget, eg liker mitt nye liv.
Problemet er at det no blir vinter. Det begynner å bli skikkeleg ufyselig derute, og mørkt i tillegg. Eg veit ikkje kva som eigentleg er vanleg blant trenings folk, springer dere på fjellet sjølv om det er mørkt? har dere hodelykt eller noko?
Eg for min del merker at eg det skjer oftere og oftere at eg ser ut vindauget, ser at det regner og at eg nærmest må tvinge meg til å gå på fjellet likevel. Det som var så lekende lett om sommeren er no blitt eit ork, og eg tviler litt på min sjølvdisiplin, eg veit ikkje om eg kjem til å kunne tvinge meg på fjellet framover når det i tillegg til regn også er mørkt heile dagen lang.
Eg er altså litt på utkikk etter noko innendørs. og her begynner problemene. Som eg sa innledningsvis, så er eg totalt blank, har aldri gått til noko organisert trening, har aldri vore innom idrettslag-miljøet. ikkje veit eg kva muligheter som finns, ikkje veit eg kva eg eigentleg kunne tenke meg.
kort sagt veit eg ikkje kva eg vil, men eg veit kva eg ikkje vil.
-eg vil ikkje vere ei av dei jentene som hopper opp og ned til drittmusikk og i rosa treningsdrakt for det syns eg er teit.
-eg vil ikkje vere i eit lag som består kun av 16åringer, og eg vil ikkje vere den einaste kvinnen blant menn. eg vil heller ikkje vere utelukkede blant damer.
-eg vil ikkje bli sett nedpå pga mangel på ytingsevne, eg går jo der for å komme i bedre form og ikkje fordi eg allereie er i topform. Dette ekskluderer vel alle form for mosjon innafor eit lag, for eg er den som får laget til å tape kampen.
-eg har lite spenns. S.A.T.S. etc virker veldig dyr.
-eg treng å kunne ta ting i mitt eige tempo, er det nokon som gauler heile tida "kom igjen", så får eg lyst å banke vedkommende. for andre er det kanskje motivasjon, men eg blir berre sur.
det eg fann ut at eg kunne tenkt meg, det er faktisk kampsport. Når eg fyrst skal gjere mosjonere innafor ordnete baner (i motsettning til gå på fjellet aleine kor tid det passer meg), så kan eg lære noko samtidig. Eg har vore i 2 situasjoner der eg hadde trengt å forsvare meg sjølv men hadde ikkje kunnskapen, neste gong vil eg kunne forsvare meg.
så eg har vore og sett på nettet om kva som finns her i byen. eg vettafaen om eg har funne alt som finns, men eg har vore innom sider for karate og kickboxing og grappling. kva er liksom det beste å velge? og er det kun 16årige gutter der? eg er dame og 29, det passer liksom ikkje heilt så bra.
altså, kort sagt treng eg noko som skal erstatte fjellturene mine så lenge som det er ufyselig vær ute. eg vil holde på opplegget mitt slik som eg har det no, med styrketrening 3 gonger i veka og noko kondisgreier på dei andre dagene.
så kva skal eg erstatte fjellturene med? er kampsport egnet? har dere andre forslag? kva ellers finns?
eg vil ikkje gi opp no da eg endelig er på vei til bli eit nytt og bedre menneske, men dersom eg ikkje finn noko som eg erstatte fjellturene med så er det veien det vil gå. då blir eg feit igjen, og eg vil falle tilbake på dei gamle uvanene.
har du tipps og råd å komme med?





LinkBack URL
About LinkBacks

Svar med sitat
